Select the region that best fits your location or preferences.
This setting controls the language of the user interface, including buttons, menus, and all site text. Select your preferred language for the best browsing experience.
Select the languages for job listings you want to see. This setting determines which job advertisements will be displayed to you.
Vi søkjer ein kreativ og strukturert kommunikasjonsrådgjevar til Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon ved OsloMet – storbyuniversitetet. Stillinga er plassert i seksjon for profilering, omdømme og rekruttering, og du vil spele ei sentral rolle i å koordinere og utvikle kommunikasjonen vår med studentar og andre målgrupper. Dette er ei fast stilling med oppstart så snart som mogleg.
Som kommunikasjonsrådgjevar vil du jobbe med å skape engasjement og tilhøyrsle blant relevante målgrupper, og bidra til å gjere OsloMet synleg gjennom arrangement og i sosiale medium. Du blir ein viktig del av eit team med høge ambisjonar for kommunikasjonsarbeidet ved universitetet.
Vi leitar etter deg som er kreativ og løysingsorientert i måten du jobbar på. Du må vere strukturert og organisert med evne til å planleggje og gjennomføre komplekse prosjekt. I denne stillinga er det viktig at du er inkluderande og samarbeidsorientert i møte med både studentar, tilsette og eksterne aktørar. Vi håpar du er sjølvgåande med god gjennomføringsevne, sidan arbeidet krev evne til å ta initiativ og følgje prosjekt frå idé til ferdigstilling med høg kvalitet.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
Det er viktig for OsloMet å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du óg velkommen til å søkje hos oss.
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autorisert. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Ønskjer du nærare informasjon om stillinga kan du kontakte:
Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i 1434 rådgjevar frå kroner 542 300 – 686 000,- per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt to prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Opplysningar om deg som søkar kan publiserast på den offentlege søkarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Viss det skjer, vil du bli varsla om det før publiseringa.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i vårt rekrutteringssystem.
Søknadsfrist: 21. mai 2025
Ref: 25/04597
OsloMet's vision is to deliver knowledge to solve societal challenges. Norway's most urban and 3rd largest university.
Visit the employer page